Oppskrifter/tips

544581_463693683750607_265992585_n[1]

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips om oppbevaring av parmesanost

Parmesanost må oppbevarast i kjøleskap (ca 4*). Når du har opna osten, bør du pakka den inn i eit reint kjøkkenhåndle av bomull eller gassklede før du legg den tilbake i plasten. På den måten unngår du at osten myglar. Du kan også oppbevara den i osteklokke eller porselenskrukke. Oppbevaring i aluminiumsfolie er ikkje anbefalt av italienarar, då dei seier det vil smaka aluminium av osten.

Ikkje ta for mykje på osten med fingrane, og legg den tilbake i kjøleskapet når du har skore av det du treng i staden for å la den liggja lenge på bordet. Det du har tenkt å eta i løpet av 2 veker lar du liggja i kjøleskapet, men resten bør du dela opp i porsjonspakkar og frysa ned. Du kan frysa osten i bitar eller du kan raspa den og ha den på glas og frysa.