jan 27

med farger (2)

jan 15

Velkomen til Mosstovo laurdag. Det blir kaffi-/kakesalg og presentasjon av nye, herlege olivenoljer. Eg har også ostar og balsamico til salgs.  Sjå også Facebook-sida. Velkomen.

des 01

Parmesanost må oppbevarast i kjøleskap (ca 4*). Når du har opna osten, bør du pakka den inn i eit reint kjøkkenhåndle av bomull eller gassklede  før du legg den tilbake i plasten. På den måten unngår du at osten myglar. Du kan også oppbevara den i osteklokke eller porselenskrukke.

Oppbevaring i aluminiumsfolie er ikkje anbefalt av italienarar, då dei seier det vil smaka aluminium av osten. Ikkje ta for mykje på osten med fingrane, og legg den tilbake i kjøleskapet når du har skore av det du treng i staden for å la den liggja lenge på bordet.

Det du har tenkt å eta i løpet av 2 veker lar du liggja i kjøleskapet, men resten bør du dela opp i porsjonspakkar og frysa ned. Du kan frysa osten i bitar eller du kan raspa den og ha den på glas og frysa.

nov 30
Tusen takk til alle som kom til Mosstovo i dag og gjorde dette til ein drømmedag for meg Det var så kjekt at så mange kom! Eg hadde tenkt eg skulle gå litt rundt og fortelja om varene, men det vart det ikkje tid til Men det vert fleire arrangement framover
nov 28

okt 30

1379971_459955100791132_2131796863_n[1]Italiensk ost og sånt er ei familebedrift som importerer italienske kvalitetsvarer. Me plukkar sjølve ut smak-fulle varer av høg kvalitet frå småskala-produsentar i Italia. Foreløpig utgjer vare-utvalget parmesanost, balsamico og olivenolje